Takka Gry og Marit

Takka Gry og Marit

Gry Nordal og Marit Botnen deltok torsdag på sitt siste kommunestyremøte som kommunalsjefar i Ulstein kommune. 

Gry og Marit med blomster. - Klikk for stort bileteKommunalsjef oppvekst og kultur, Gry Nordal og kommunalsjef helse og omsorg, Marit Botnen, etter sitt siste kommunestyremøte i Ulstein. Janne-Marit Myklebust

Gry med 15 års fartstid i kommunen, ni av dei i kommunalsjefstolen, og Marit som kommunalsjef sidan 1992 – men som tilsett i Ulstein kommune sidan 1981. 

No vert dei pensjonistar.

– Knoll og Tott. Eller Tuppen og Lillemor, sa ordførar Knut Erik Engh, då han etter eit ni timar langt kommunestyremøte torsdag, inviterte Gry og Marit fram for ein takk.

Ordføraren og kommunalsjefane framme i kommunestyresalen. - Klikk for stort bileteGry og Marit fekk takk frå kommunestyret og ordføraren. Janne-Marit Myklebust

– På vegner av kommunestyret vil eg gi dykk ein stor takk. De har stått i stormar, de som vi, og av og til har det kanskje storma litt mellom oss også, men i botnen er vi gode vener som deler mykje av dei same målsettingane, helsa ordføraren.

– Og så synest eg at det er litt kjekt at de på mange måtar har stått saman – litt som Knoll og Tott. Eller Tuppen og Lillemor. De har stått arm i arm og jobba mellom anna med God oppvekst i Ulstein. De har kasta silotenkinga over ripa og stått last og brast, og ser at det den eine gjer også påverkar den andre. De har sett i gang ein god prosess heilt på tampen av karrieren dykkar, og eg håper at det er noko som vil verte ført vidare frå etterkomarane dykkar. Vi ønsker at denne gode kulturen skal halde fram. De to er ulike, men med stor respekt for kvarandre, og begge har vore opptekne av utviklingsarbeid og det å levere gode tenester med god kvalitet.

– Ein god kommune å jobbe i

Gry Nordal takka kommunestyret for samarbeidet – og for kampane.

– Det har for det meste vore veldig greitt. Og så har det kanskje av og til ikkje vore fullt så greitt. Men vi veks på det også. Mitt håp for kommunen framover er at vi kan halde fram satsinga på God oppvekst, og at vi ser breidda. Det gjeld ikkje berre oppvekstetaten, men det grip inn i alt.

Marit Botnen skryt av Ulstein.

– Eg har hatt nokre fantastiske år i Ulstein kommune. Eg har ikkje kjeda meg ein dag. Vi har hatt eit godt samarbeid, og vi har fått til utruleg mykje. Eg er oppteken av samfunnsutvikling, og eg veit at andre kommunar i sjustjerna nesten vert irritert fordi eg snakkar så mykje om Ulstein. Men så er eg også raus og har delt mykje av det vi har fått til. Eg gir meg ikkje ein time før eg må i denne jobben. Eg seier på spøk at det var reglane her som kasta meg ut, sa Marit, som har fylt 70 år.

– Lykke til med arbeidet framover, og vi vil følge med! lova dei to avtroppande kommunalsjefane, til applaus frå kommunestyret.

Karen Strand tek til i stillinga som kommunalsjef oppvekst og kultur over sommaren, medan det er Kristin Vik som er tilsett som ny kommunalsjef helse og omsorg.