Tid for influensavaksine

Tid for influensavaksine

portrett - Klikk for stort bileteInger Lise Kaldhol. privat

Influensasesongen står på trappene, og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol oppmodar risikogrupper, og alle frå 65 år og eldre, om å ta influensavaksinen.

Som helsepersonell har kommunelegen sjølv nyleg vaksinert seg, og ho rådar dei som er usikre på om dei bør ta vaksine til å lese på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Der finn ein fyldig informasjon: Vaksineanbefalinger influensasesongen 2024-2025 - FHI

Eldre og personar med kroniske sjukdomar har større sjans for å bli alvorleg sjuke av influensainfeksjon samanlikna med befolkninga elles. Influensavaksinen kan hindre alvorleg influensasjukdom og forverring av allereie etablert kronisk sjukdom. 

 

 Risikogrupper:

  • bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • alle frå fylte 65 år
  • gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.  
  • prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom  
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom
    • svært alvorleg fedme
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

 

Bestilling av influensavaksine

Time til influensavaksine i Ulstein kommune kan enkelt bestillast både til seg sjølv og på vegne av andre: www.c19.no/influensa 

Pris: 200 kroner

Stad: Reiten 20, 6065 Ulsteinvik

 

Vaksinasjonsdatoar

24. oktober kl 9-12 (fullt)

31. oktober kl 9-15.30

1. ​november kl 9-12

 

Spørsmål?

Ved spørsmål, send gjerne SMS til 477 54 774.