Tilbod om vaksine mot mpox (apekoppar)

Tilbod om vaksine mot mpox (apekoppar)

Ulstein har ikkje eige tilbod om vaksine mot mpox (apekoppar), men Molde kommune har tilbod til heile Møre og Romsdal. Her finn du informasjon om korleis du kan bestille deg time til vaksinasjon, om du ønsker det.

Kven kan få vaksinen mot mpox?

  • menn som har sex med menn og transpersonar med risikoåtferd
  • helsepersonell som er særleg utsette for smitte gjennom arbeid, som til dømes personell på teststasjonar eller som jobbar direkte med pasientar med mpox innlagt på sjukehus
  • laboratoriepersonell som arbeider med levande apekoppvirus

Med risikoåtferd er meint hyppig partnerbytte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex.

Informasjon om mpox - FHI

Korleis bestiller eg time?

Kontakt vaksinasjonskontoret i Molde for timebestilling. Du må bestille time på førehand.

Timebestilling
Telefon: 71 11 23 00, måndag–fredag 08.00–15.00
E-post: reisevaksinasjon@molde.kommune.no

Kva kostar det?

Konsultasjonen kostar 280 kroner. Sjølve vaksinen mot mpox er gratis.

Les meir på nettsidene til Molde kommune.