Tilskot til integreringsarbeid

Tilskot til integreringsarbeid

Frivillige organisasjonar kan søke ekstraordinært tilskot til tiltak og aktivitetar som bidreg til at flyktningar og asylsøkarar frå Ukraina får delta i fellesskapet.

Illustrasjonsfoto av hender som held kvarandre med det ukrainske flagget i bakgrunnen. Pixabay    

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som opplyser om dette.

Søknadsfristen er 20. mai.

Alle idrettslag, idrettskretsar, idrettsråd, særforbund, særkretsar/-regipnar kan søke direkte til IMDi. Noregs Idrettsforbund skal også søke. Dersom dei får midlar vil desse verte lyst ut i idrettsorganisasjonen. Idrettsforbundet oppmodar uansett alle som ønsker å sette i gang aktuelle inkluderingstiltak om å søke direkte.

Lenke: På nettsida til IMDi finn du informasjonen du treng for å søke.