Før pinse vart det mellombelse sanitæranlegget sett i drift for badesesongen 2022 på Osnessanden. Brakka er plassert på parkeringsplassen ved gravstaden, og vert ståande ut august.
Sanitæranlegget kom på plass etter vedtak i formannskapet i mai i år.
Vedtaket: Det vert gjeve ei løyving på 100 000 kroner til mellombels sanitærbrakke for Osnessanden badeplass for sesongen 2022, finansiert over formannskapet sin tilleggsløyvingspott.
Det mellombelse sanitæranlegget ved Osnessanden vert ståande ut august 2022.
Odd Kåre Wiik