UKM Ulstein 2024

UKM Ulstein 2024

Onsdag 28. februar inviterer unge arrangørar til ope UKM-møte på Bell Ungdomsklubb.

Fem unge arrangørar med ballongar med UKM-logo. - Klikk for stort bileteDenne gjengen er mellom dei som er påmeldt UKM Ulstein som unge arrangørar. Dei gler seg og håper mange melder seg på. F.v. Sveinung B. Snipsøyr, Celine Lykke Johansen, Astrid Eline Anderson, Trym Torson Sævik og Julia Szymanska. UKM Ulstein

– Ver med på UKM, samstemmer gjengen, som alt har meldt seg på som unge arrangørar, noko som betyr at dei er med på å planlegge og promotere UKM (Ung kultur møtes).

Onsdagens UKM Kick off på Bell er ope for alle som er nysgjerrige på UKM. Unge arrangørar er klare for å gi informasjon og hjelpe til med påmelding.

– UKM er veldig gøy, forsikrar dei unge arrangørane, som alle var med også i fjor.

UKM-show 13. april

Årets UKM vert arrangert med utstilling og sceneshow laurdag 13. april i Sjøborg kulturhus. Arrangementet er for barn og ungdom frå 10–20 år, som betyr at alle frå og med 4.-klasse til året dei fyller 21 år, kan delta.

Det er rom for mange uttrykksformer under UKM. Fleire av dei unge arrangørane har tenkt å melde seg på fleire ting. Nokre innanfor kunst, andre med song og musikk, og andre igjen som konferansier. Det er nemleg mogleg å melde seg på alt dette, pluss film, media, dans, drama og mykje meir. 

Tidlegare år har det også vore med deltakarar innanfor turn, RG og drill, judo, diablo og stand up, for å nemne nokre.

– Det er eigentleg berre fantasien som set avgrensingar for kva du kan melde deg på med. Vi håper årets UKM vil vise det kulturelle mangfaldet vi har i kommunen vår, seier Marie Flatin, som er ein av dei vaksne ansvarleg for UKM i Ulstein.

Påmeldingsfrist 2. april

Dei neste vekene vil 4.–10.-klassene i kommunen få besøk av unge arrangørar frå UKM Ulstein. Som unge arrangørar hjelper du til både før, og under UKM. Under sjølve arrangementet kan du vere med på til dømes scenerigg og som artistvert der du tek vare på deltakarane, at alle har det bra. 

Påmeldingsfristen er 2.april.

Sosial møteplass 

Kanskje har du øvd på noko gjennom kulturskulen som du vil vise fram, eller noko du har hatt på skulen, eller berre laga sjølv heime?

– Det er også viktig å understreke at du ikkje må gå på ein aktivitet for å delta på UKM. Kanskje er det ein vennegjeng som vil stille med ein dans eller noko heilt anna? Hovudmålet med UKM er å skape ei scene der barn og ungdom får vist kva dei kan, og ikkje minst har vi opplevd UKM som ein kjekk sosial møteplass på tvers av alder frå 10–20 år, seier Marie Flatin, som ber folk ta kontakt om dei har spørsmål om årets UKM i Ulstein.

Plakat som reklamerer for UKM - med QR-kode. - Klikk for stort bilete

Kontakt

Marie Flatin
ungdomsarbeidar/MOT-koordinator- og coach
E-post
Mobil 91 36 38 18