Ulstein er årets UKM kommune i Møre og Romsdal, og er nominert til beste kommune nasjonalt.
UKM Møre og Romsdal
- Vi i UKM Møre og Romsdal er stolte av å kåre Ulstein kommune til «Årets UKM-kommune i Møre og Romsdal». Ulstein kommune sørger for at barn og unge i kommunen har eit mangfaldig tilbod av aktivitetar og arrangement med hovudfokus på UKM året rundt. UKM-arbeidet er integrert i fleire einingar i kommunen, og kommunen er gode på å samarbeide internt og med andre eksterne aktørar. For oss i Møre og Romsdal fylkeskommune er det tydeleg at Ulstein kommune lyttar til ungdomane i kommunen sin, og sikrar gode kulturtilbod. Ulstein kommune har fokus på utvikling, og er ikkje redd for å prøve ut nye aktivitetar, seier Rebekka Moe Klokk i Møre og Romsdal UKM.
Grunn til å vere stolte
- Denne veka har vi god grunn til å vere stolte. Vi har fått prisen som årets UKM kommune i Møre og Romsdal, og vi er også nominerte til å bli årets UKM kommune i heile landet. Det som gjer meg aller mest stolt, er ikkje enkeltresultata i seg sjølve, men det som skjer kvar dag rundt om i kommunen, seier kommunedirektør i Ulstein Jarl Martin Møller etter at prisen er kunngjort.
- Tilsette, frivillige, lag og organisasjonar møter barn, unge, familiar og eldre med varme, kompetanse og vilje til å finne gode løysingar. Det er denne kvardagsinnsatsen som byggjer Ulstein, og det er den som no blir lagt merke til. Som kommunedirektør er eg glad for at Ulstein er kåra til årets UKM-kommune. Denne prisen er først og fremst ei anerkjenning av ungdomane våre og av alle som gjennom heile året legg ned tid, energi og engasjement for å skape gode møteplassar for ung kultur i kommunen, seier Møller, og held fram:
- At fylkeskommunen peikar på at vi lyttar til ungdomane og tør å prøve ut nye aktivitetar, betyr mykje. Slik ønskjer vi å vere i Ulstein. Vi skal vere nysgjerrige, inkluderande og i utvikling saman med innbyggjarane våre, ikkje minst dei unge.