Ulstein kommune ankar dommen i Øvrelid-saka

Ulstein kommune ankar dommen i Øvrelid-saka

Formannskapet i Ulstein har samrøystes vedteke å anke dommen i Øvrelid-saka.

Ulstein kommune vart dømt til å betale erstatning i Øvrelid-saka, i dom av Frostating lagmannsrett 25. juni. 


Øvrelid-saka har pågått over fleire år og er vanskeleg og krevjande, særleg for dei involverte søskena. Når kommunen likevel vel å anke dommen i, er det på bakgrunn av at forsikringsselskapet KLP og advokaten til kommunen meiner at vurderingane i dommen er feil og i strid med tidlegare dommar.

Dei fem dommarane har også vore ueinige og stemma til ein dommar var utslagsgivande for resultatet.

Kommunen har vedtatt å anke dommen fordi vi meiner at det er viktig at slike saker vert behandla likt over heile landet og etter dei rettsreglar som gjeld.

Dersom det er spørsmål kan de ta kontakt med kommunen sin advokat, Terje Marthinsen: