Unio til streik - men ingen i Ulstein

Unio til streik - men ingen i Ulstein

7390 Unio-medlemmer er  i streik, men førebels er ingen tekne ut i Ulstein.

Fem timar på overtid vart det klart at KS og tre av dei fire forhandlingssamanslutningane godtok forslaget frå Riksmeklaren. Unio valde å seie nei, og 7390 av medlemmene deira i 13 kommunar og ni fylkeskommunar er tekne ut i streik.

For Ulstein kommune sin del betyr det at det ikkje vert streik for dei som var oppmeldt frå Fagforbundet. Unio har førebels ikkje varsla om uttak i Ulstein.

LO kommune, YS kommune, Akademikerne og KS har vorte samde om ein avtale med ei ramme på 2,8 prosent. Det vil gi tilsette eit lønnstillegg på mellom 10.000 og 22.000 kroner. I tillegg er det lagt inn pengar til ein lokal pott på ein prosent.

Les meir her: Unio til streik.

Unio går til streik i kommunesektoren