Ureininga i fjøresteinane var pollen
Teknisk etat har fått svar på prøvene som vart tatt av ureininga som var observert i fjøresteinane fleire stader i kommunen.
Det var tidleg i mai at dei første telefonane om ureininga kom. Kommunen sikra seg prøver og sende desse til Nemko Norlab for analyse. Dei skriv at dei ikkje har gjort funn av fiskeolje/feitt i prøvene, og utelukkar difor dette.
– I etterkant har det vore mykje i avisene som gjeld pollen. Dette har vore observert fleire stader i år. Det kan ligne fiskefeitt og lukte tran. Vi kan konkludere med at det var dette i Ulsteinvik også, skriv NemkoNorlab til kommunen, og viser til ein utfyllande analyserapport dei har laga.
teknisk etat
Publisert 03.06.2024 15:32
Sist endra 03.06.2024 15:32