Velkomen til oss, Helga!

Velkomen til oss, Helga!

– Arkiv er kjekt. Eg er veldig systematisk og likar å ha orden på ting, seier Ulstein kommune sin nye leiar for servicetorg og dokumentsenter, Helga Bøe.

Helga ved kontorpulten. - Klikk for stort bileteLeiar for servicetorg og dokumentsenter i Ulstein, Helga Bøe. Janne-Marit Myklebust

– Her er litt å ta tak i, i Ulstein som i andre kommunar. Og då er det slik det skal vere.

Helga tok til i jobben i den stillaste perioden på rådhuset i sommar. Det gav henne tid til å finne seg til rette og kople seg på. No er dei fleste tilbake etter sommarferien, og ho får kjenne på huspulsen.

Vil hjelpe

– Eg har som mål å vere tilgjengeleg for dei som treng hjelp. Det viktig at folk tek kontakt og spør, i staden for å lure på eiga hand. Eg bruker å seie at det ikkje er sikkert eg kan hjelpe med alt, men eg kan undersøke og kome tilbake. Svar skal alle få, forsikrar Helga.

Ho har brei erfaring frå feltet, og har fått med seg ei rivande utvikling innan arkiv og dokumenthandtering.

– Det har vore store omveltingar og mykje som har skjedd med tanke på digitalisering. Det har vore – og er ei spennande reise å vere med på.

Frå Hareid til Ulstein

Det er Hareid kommune som har vore bu- og arbeidsplassen store delar av livet. Ho fekk sin første jobb i Hareid som assistent på den gamle aldersheimen i 1985, er utdanna sjukepleiar og jobba som avdelingsleiar i helse og omsorg frå 1996. Sidan tok ho utdanning innan leiing og fag innan forvaltningsrett og IT. I 2003 vart ho tilsett i sentraladministrasjonen og jobba mellom anna med innføring av nye saks- og arkivsystem i Hareid kommune, og dei siste 16 åra som leiar for servicetorget.

Helga Bøe utanfor Ulstein rådhus. - Klikk for stort biletePå plass i Ulstein. Janne-Marit Myklebust

Utviklingsarbeid

Men etter snart 40 år i same kommune, fann ho altså vegen over eidet til Ulstein.

– Eg har hatt mange gode arbeidsår i Hareid, og har fått jobba med mange dyktige tilsette med god kompetanse. Eg har lært mykje og hatt det bra på jobb. Men så er det godt å løfte blikket litt, og i stillinga i Ulstein får eg spissa interessefeltet litt. I tillegg er Ulstein flinke til utviklingsarbeid. Det var også ein viktig faktor. Du kan ha nokre litt «tørre» oppgåver, når du kan kombinere det med spennande utviklingsprosjekt. Så ser eg at det kjem noko ut av det også, i Ulstein, at det ikkje stoppar opp. Det er det kjekkaste!