– Vi bur midt i smørauget på Sunnmøre!

– Vi bur midt i smørauget på Sunnmøre!

Dei to første familiane har flytta inn i nytt bustadfelt i Haddal – og no håper dei på mange nye naboar.

Familiane utanfor husa sine.  - Klikk for stort bileteGode naboar: Desse to familiane har bygd hus tett i tett i nytt bustadfelt i Haddal, og ønsker seg mange nye naboar! Frå venstre: Renate Garshol Saunes med Serine på arma, Jørn Velle Moldskred, ordførar Knut Erik Engh – som var til stades for å gratulere med nye bustader, Papatsara Chaikampa Haddal og Dag Erik Chaikampa Haddal. Janne-Marit Myklebust

– Kort veg til svigers! kjem det kontant frå Jørn Velle Moldskred, på spørsmål om kva som freista mest med å etablere seg i Haddal. 

– I tillegg til alt anna, legg han til.

Så kjem lista: naturen, landskapet, utsikta, skule og barnehage i gåavstand, trygge oppvekstvilkår, korte pendleavstandar til heile Søre, samhaldet og tilbodet til dei unge i bygda med korps og idrettslag, godt naboskap og kort veg til urbane kvalitetar i sentrum.

Her kan dei sjå naboen mate sauene sine rett utanfor kjøkkenglaset, gå på fjellet eller i skogen, bade i Ulsteinbadet, gå på kafe og kino eller kulturarrangement på ein og same dag.

 – Dette er smørauget på Sunnmøre, kjem det bestemt frå Dag Erik Chaikampa Haddal, næraste nabo til Jørn Velle Moldskred.

Utsikt over jordet med sauer og ut mot skjergarden utanfor Haddal. - Klikk for stort bileteUtsikt frå altanen. Upåklageleg. Janne-Marit Myklebust

Dei to familiane er dei to første som har kjøpt tomt i bustadfeltet i Haddal. 

Les meir om tomtene i Haddal her.

Andre tomter i Ulstein kan du lese om her.

Både Jørn og kona Renate Garshol Saunes pendlar til Sande på jobb. Saman har dei dottera Serine (5) - og ein liten på veg.

Frå stoveglaset har dottera utsikt til både barnehagen og skulen. Det synest ho er stas.

Ved stovebordet heime. Serine teiknar, foreldra snakkar. - Klikk for stort bileteSerine har utsikt mot Haddal skule frå stoveglaset heime. Det er stas, synest ho. – Og skulle vi forsove oss ein dag, så har vi skuleklokka som ein ekstra oppvekkar, fleipar foreldra. Janne-Marit Myklebust

Næraste nabo er Dag Erik og Papatsara Chairampa Haddal. Dei ventar sitt første barn i juni - og har akkurat fått flytta inn i sitt nye hus.

– Eg vil at mine barn skal få ein like god oppvekst som eg hadde her i Haddal, seier Dag Erik.

Dei flytta frå sentrum av Trondheim og tilbake til heimbygda.

– Her finn vi mange av dei same kvalitetane som vi har i byar. Det er kort veg til sentrum, og vi bur landleg og med kort avstand til det ei småbarnsfamilie treng, seier han.

Folketalsauke. Både Renate og Papatsara ventar barn. Dei to små får vekse opp som næraste naboar i Haddal. Her er Papatsara og Dag Erik på besøk i stova til Renate og Jørn. Janne-Marit Myklebust

– Eg kjem frå ei lita bygd i Thailand, så for meg var dette også litt som å flytte heim. Her har eg kort pendleveg til arbeid - og du kan pendle i fleire retningar. At det er både barnehage og skule i Haddal var avgjerande for oss, seier Papatsara.

No håper dei på mange nye naboar i Haddal.

Vinn gåvekort

Ulstein kommune deltek på bustad- og fritidsmessa til Hødd  IL, 14.–16.  april i Ulstein Arena. Besøk oss gjerne der!

Er du blant dei to første som kjøper tomt i eit bustadfelt i Ulstein, får du eit gåvekort på 50 000 kroner. Er det fleire enn to tomtekjøparar vert det loddtrekning. Tilbodet gjeld frå 14. april til og med 17. april klokka 24.00. Gåverkortet kan brukast hos ein valfri byggevareleverandør i Ulstein kommune, innan VVS, trelast eller elektro.