Janne-Marit Myklebust
Stem her!
Maritimt Forum nasjonalt skal kåre årets maritime kommune i Noreg, men først skal dei avgjere kven som vert årets maritime kommune i Møre og Romsdal. Vinnaren her går vidare til den nasjonale finalen under Arendalsuka i august.
Ordførar Stian Skorgen Scheide.
Janne-Marit Myklebust
– At vi er nominert – igjen, er ei stadfesting på at alt vi får til saman er verdt noko. Frå verdsleiande innovasjon til solid samarbeid i den maritime klynga vår. Takk til alle som bidreg kvar einaste dag, seier ordførar Stian Skorgen Scheide.
Han håper mange vil ta seg tid til å stemme på Ulstein.
– I år synest eg verkeleg at vi fortener å ta sigeren heim. Næringslivet har vist at dei er i front, og har levert på omstilling, skapt nye arbeidsplassar, og har høg akrivitet.
Det er Maritimt Forum og Kystens Næringsliv som står bak kåringa, som har som mål å synleggjere og framheve arbeidet mellom maritimt næringsliv og lokalpolitikarar i kystkommunane.
Maritimt Forum Nordvest fortel at dei er på jakt etter dei gode historiene om kvifor akkurat vår kommune fortener å gå vidare til finalen.
Dei nominerte kommunane frå Møre og Romsdal er:
- Herøy
- Ulstein
- Ålesund
- Molde
- Smøla
Du kan stemme til 30. april. Då vert det delfinale der vinnarkommunen skal konkurrere med dei andre regionane sine kandidatar.
Stem her!
Janne-Marit Myklebust