Vintersesongen er godt i gang. Vi har hatt mange blå minusgrader dei siste dagane og fantastiske forhold for kjekke aktivitetar ute. Minusgrader har no gått over til varmegrader og med dette vêromslaget vert det glatte vegar! Vi har allereie fått fleire tilbakemeldingar frå innbyggjarar om svært glatte forhold.
Teknisk vakt melder at dei står på for harde livet - dei strør og brøyter kommunale vegar så godt dei kan. Alt tilgjengeleg mannskap er ute!
Kva som blir prioritert når det trengst strøsand på kommunale vegar og plassar kan du lese om her.
Kva med fylkesvegane?
Fylkesvegane (Sjøgata og Strandvegen med fortau) tek Statens vegvesen seg av.
Oppmoding
Sjølv om vi strør, er det naturlegvis glatt mange stadar om vinteren. Derfor oppmodar vi alle om å sko seg godt – gjerne med broddar – og ha gode dekk på bilen.