Vi vil framleis at du registrerer koronasmitteIllustrasjonsfoto: koronatestar. Pixabay Testar du positivt for korona, håper vi at du kan melde frå om det til kommunen. Publisert av Janne-Marit Myklebust Publisert 08.06.2022 10:26 Sist endra 08.06.2022 10:26 Helsetenesta ønsker å ha ei viss oversikt over situasjonen så dei kan følge utviklinga av koronapandemien. Dei som testar positivt og registrerer inn dette, vert lagt inn i vaksinasjonsprogrammet slik at dei eventuelt kan få ei oppfriskingsvaksine til rett tid. Lenke: Sjølvregistrering kan du gjere her. - Dette gjeld også for dei som har tre vaksinar. Truleg vil det kome ein fjerde dose til hauste, i alle fall i nokre aldersgrupper, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde. Meir informasjon om smittestatus, hurtigtestar m.m. finn du på samlesida vår om korona.