Vil verte meir tilgjengelege for innbyggarane

Vil verte meir tilgjengelege for innbyggarane

Ulstein kommune sitt nye innbyggartorg på Ulstein Arena skal også innehalde nærtenestesenter for statlege tenester. Fellesrådet har besøkt torget, og rosar initiativet. 

Framfor skranken til innbyggartorget. - Klikk for stort bileteFellesrådet på besøk i Ulstein Arena for å ta ein nærare kik på innbyggartorget. Kommunalsjef Monica Cecilie Torp orienterer i front. Janne-Marit Myklebust

– Det er vi som har skoa på og som veit kvar han trykker. Dette er eit viktig prosjekt, og det er svært viktig at vi får vere så tidleg i prosessen at vi kan vere med på å påverke planane, sa leiar i fellesrådet, Eli Skaatun, då rådet var på synfaring og fekk orientering om planane for nytt innbyggartorg og nærtenestesenter på Ulstein Arena.

Innbyggartorg

Planane er framleis i støypeskeia, men det er bygd opp ny resepsjon på biblioteket, med skranke både for biblioteket og for innbyggartorget. Målet er å gjere kommunen meir tilgjengeleg for innbyggarane.

– Og det trur vi at vi får lettare til på Ulstein Arena enn vi gjer i dagens rådhus, seier kommunalsjef organisasjon og utvikling, Monica Cecilie Torp.

Innbyggartorget vil vere ein “avleggar” frå servicetorget som held til på rådhuset, men som i dag har andre funksjonar enn tidlegare, med meir fokus på dokumenthandtering, og i eit rådhus som ikkje er særleg eigna for notidas behov.

Nærtenestesenteret er eit pilotprosjekt der Ulstein kommune er valt av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), som ein av ni kommunar i landet. Tanken er at kommunen skal rettleie innbyggarane sine også i dei statlege tenestene. Dette ønsker Ulstein kommune å gjere i kombinasjon med det nye innbyggartorget – når det opnar i løpet av seinhausten.

Kommunestyret har godkjent prosjektplanen. 

Fellesrådet framfor skranka til biblioteket og innbyggartorget. - Klikk for stort bileteFellesrådet på besøk til det nye innbyggartorget på biblioteket. Frå venstre Aurora Dimmen Bratli, Eli Skaatun, Synnøve Breivik (vararepresentant), Liv Stave, Gerd Bang Breivik (vararepresentant), Leif Dimmen (vararepresentant) og Anders Røyset (vararepresentant). Janne-Marit Myklebust

Nærtenestesenter

– Ulstein og Ulsteinvik sentrum er eit regionsentrum der mange er innom i løpet av ein dag.  KDD ønsker å teste ut ulike modellar for korleis dei kan gjere statlege tenester meir tilgjengelege i slike område. Kanskje kan vi ha teroiprøve for mopedlappen her, i staden for at ungdomane våre skal måtte reise til Ørsta. Kanskje kan vi invitere Nav til å vere her ein dag i veka, slik at dei som treng råd og rettleiing frå dei, slepp å reise til Hareid, seier Torp.

– Det er mykje du lurer på, og det er ikkje alltid like lett å vite kvar du skal spørje.  Å kunne få enkel rettleiing om kven som kan hjelpe med kva, vil vere til stor hjelp, spelte Synnøve Breivik inn.

– Det kan vere så enkelt som det!

Det er Leif Dimmen samd i. Også han er svært positiv til planane.

– Det handlar om å vite kven som veit. Det er ikkje alt du veit sjølv, men får du rettleiing kjem du deg også vidare. 

Pilotprosjektet Ulstein er med på skal vare ut 2026. I løpet av oktober er kommunen invitert til arbeidsmøte med KDD, der prosjektet skal få meir kjøt på beinet. Deretter vil råda og utvala frå seie sitt.

Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne er eit viktig høyringsorgan for kommunen, saman med ungdomsrådet og levekårsutvalet, som også representerer innbyggarar kommunen vurderer som aktuelle brukarar for innbyggartorget.

Oversikt over biblioteket sett frå innbyggartorget. - Klikk for stort bileteInnbyggartorget er plassert lett tilgjengeleg i Ulstein bibliotek - men er ikkje heilt klart for opning enno. Janne-Marit Myklebust