Visste du at andreklassingar får symje gratis?

Visste du at andreklassingar får symje gratis?

..og at du kan søke om Ulsteinkortet med fire klipp i Ulsteinbadet og fire klipp til kino? 

Ulstein kommunestyre har gjort vedtak om utvida tilgang til Ulsteinbadet. 

Alle 2. klassingar i  Ulstein får gratis bading ut 2024, saman med ein badande vaksen.

Dette gjeld alle 2. klassingar som er busette i Ulstein, også dei som går på skule i annan kommune.

Meld frå i kafeen i Ulstein Arena når de kjem for å få gratis inngang til andreklassingen.

Ulsteinkortet – for barn og unge under 18 år

Barn og unge i Ulstein kan søke om å få tildelt Ulsteinkortet, på same linje som tilskot frå Kontantkassa. Dette gjeld til dei som ikkje har økonomi til fritidsaktivtetar.

Søknadsskjema til Ulsteinkortet 

NB! Du kan også kjøpe Ulsteinkortet på Ulstein Arena for 600 kroner.

Badering i basseng. - Klikk for stort bilete pixabay.com