Ulstein rådhus i Sjøgata 63 i Ulsteinvik.
Svein Arne Orvik
Ein kommunal planstrategi kan forklarast som «ein plan for planlegginga». I planstrategien skal kommunestyret prioritere kva planoppgåver som skal startast opp eller vidareførast for å oppnå utviklinga vi ønsker i kommunen.
Plan- og bygningslova set krav til både innhald og prosess for planstrategien. Strategien bør innehalde:
- overordna føringar
- utviklingstrekk og utfordringar knytt til samfunns- og arealutvikling og kommunal tenesteyting
- vurdering av planbehov
- prioritering av planoppgåver
Planstrategien byggjer på eit omfattande kunnskapsgrunnlag som administrasjonen har utarbeidd.
Utviklingstrekk Ulstein kommune 2024
Framlegget til planstrategi for Ulstein kommune for valperioden 2023 - 2027
Planstrategien vert sendt på høyring til fylkeskommunen, statlege mynde, nabokommunar m.fl., og den vert kunngjort på kommunen sin nettside.
Merknader til framlegget kan sendast til Ulstein kommune, PB 167, 6067 Ulsteinvik, eller som e-post til: postmottak@ulstein.kommune.no.
Frist for å kome med innspel og merknader er 15. januar 2025.
Etter at fristen er ute, vil innspel og merknader bli vurdert, før planstrategien vert lagt fram til vidare politisk handsaming.