Høyring om budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025-2028

Høyring om budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025-2028

Canva

Formannskapet si tilråding til budsjett og økonomiplan ligg no ute til offentleg høyring, med frist for uttale 11.12.2024.

Saksgang

Formannskapet kom med si tilråding 26. november om kva dei meiner kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan. Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring, slik at innbyggarar kan kome med høyringsuttale. Høyringsuttalar som kjem inn vert lagt til som vedlegg i saka. 

Budsjett og økonomiplan 2025-2028 

Korleis sende høyringsuttale?

Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no, eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk e-post med “Innspel til økonomiplan”. 

Uttalen må vere levert til kommunen seinast 11.12.2024 kl. 15.00. 

Vedtak

Endeleg budsjettvedtak vert gjort i kommunestyret 12. desember 2024.