Høyring: Retningslinjer for tilskot til særskilde miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Høyring: Retningslinjer for tilskot til særskilde miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Retningslinjene skal gjelde for perioden 2025–2028, for kommunane Herøy, Ulstein og Hareid. Høyringsfristen er 19. november.

Les høyringsutkastet her: 

Høyring: Retningslinjer for SMIL-tilskot (PDF, 499 kB)

Målsetting ved bruk av SMIL-midlar

  • Fremje aktiv beitebruk både på innmarksbeite og i utmark for å motverke attgroing
  • Tiltak som fremjar organisert beitebruk
  • Gjere det lettare å halde dei små bruka i aktiv drift og få areal ut av bruk i drift att
  • Hindre tap av biologisk mangfald som er knytt til landbruket
  • Bidra til å redusere forureininga frå jordbruket
  • Ta vare på kulturminne
  • Motverke forfall av eldre verneverdige bygningar som kan reknast som kulturminne
  • Betre moglegheitene for ferdsel og opplevingar i kulturlandskapet
Ku i sola på Flø - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust