Oppstart av planarbeid - Detaljregulering for Kvalneset massetak og deponi

Oppstart av planarbeid - Detaljregulering for Kvalneset massetak og deponi

Frist for å kome med innspel: 09.02.2025

I samhøve med plan- og bygningsloven §12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for Kvalneset masseuttak og deponi. Franzefoss Gjenvinning AS og Ulstein Betongindustri AS er forslagsstillar. Asplan Viak er plankonsulent. 

Planområdet ligg på Kvalneset, ca. 6 kilometer sør for Ulsteinvik. Masseuttaket ligg innanfor eigedom gbnr. 20/2, 20/69, 20/71 og 20/73. 

Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ordinært deponi. Masseuttaket på Kvalneset har vore i bruk sidan 1965. Det er no ønskje om å også bruke området for ordinært deponi av reine og ureine massar. I tillegg er det ønskje om mellombels lagring og behandling av massar. Da gjeldande reguleringsplan ikkje legg til rette for dette er det behov for ny reguleringsplan. 

Tiltaket er vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter forskifta sitt vedlegg II, jf. punkt nr. 11 k: Deponi for masse på land og i sjø større enn 50 dekar eller 50 000 m3 masse. 

Frist for innspel til varsel om oppstart av detaljregulering er 09.02.2025. Innspel sendast til anna.hellstrom@asplanviak.no, eller i brev til Asplan Viak AS v/Anna Hellstrøm, Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund.

I samband med oppstart av planarbeidet inviterast det til eit ope folkemøte den 14.01.2025, kl. 18.00, på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleitevegen 7. Det blir  informasjon om planprosessen, og det blir anledning å komme med spørsmål og innspel til planarbeidet. 

 

Planavrensing kan sjåast i Sunnmørskart

Dokument i saka ligg i kommunens innsynsløysing