Plangrense - detaljregulering Ryssholmen rorbuerI medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for eigedomen gbnr. 5/182 mfl. i Ulstein kommune. Grunneigarar innanfor planområdet er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet. Planområdet ligg på Ulsteinstranda, like ved Ryssholmen i Ulstein kommune. Planområdet består av eigedomane/ del av eigedomane gbnr. 5/3, 178, 181, 182, 186, 187, 189, 190, 191 og 192, og er på om lag 1,2 daa.
Målsetjing med planen er å leggje til rette for:
- Rorbuer
- Tilstrekkeleg biloppstillingsplassar
- Avklaring av teknisk infrastruktur
Det er gjort vedtak i teknisk utval 30.01.2025, sak 17/25. Innstillinga frå administrasjonen vart vedteke mot ei stemme:
Teknisk utval støttar at det vert starta opp detaljregulering for Ryssholmen rorbuer, planID 20240003, som vist på vedlagt planavgrensing datert 22.04.2024, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8.
Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post plan@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje små negative ulemper for naboar.
Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:
OSE AS på e-post plan@oseing.no eller
OSE AS
Vikeøyrane 7,
6150 Ørsta
Frist for merknadar vert sett til 14.03.2025. Merk fråsegn med P2052.
Alle mottekne dokument og merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget.
Dokument i saka kan sjåast i postlista til kommunen
Lenke til planavgrensing i Sunnmørskart