Ordførar Stian Skorgen Scheide reklamerer for innbyggarundersøkinga som vart gjennomført i desember 2023.
Janne-Marit Myklebust
Møtet kan du sjå direkte her frå torsdag klokka 17.00.
Elles er du velkomen til å vere tilskodar i salen på Sunnmøre folkehøgskule.
Lurer du på kva folk svarte på innbyggarundersøkinga? Har du høyrt at vi skal redusere feiegebyret? Eller at det vert vurdert gratis bading for 2.- klassingar? Få med deg sakene til kommunestyret denne veka!
På saklista
- Delegeringsreglement for Ulstein kommune
- Plassering av skateutstyr på Vikholmenområdet
- Revidert regelverk for handgiving og tildeling av industri- og næringstomter i Saunesmarka
- Auka løyving for kjøp av næringstomt i Saunesmarka
- Behovsutgreiing av ROP-bustader
- Reduksjon av feiegebyr for 2024
- Forskottering og garanti for hall - Hasundgot IL
- Veteranplan for kommunane på Søre Sunnmøre
- Barnehageplassar i Ulstein
- Resultat av innbyggarundersøkinga 2023
- Rullering av KIF-planen sitt handlingsprogram
- Ulsteinkortet - alle med (gratis bading?)
Alle sakspapira finn du enkelt oversikt over her:
Gå til møtedokumenta
Oversikt over kven som sit i kommunestyret finn du her: Ulstein kommunestyre 2023–2027