Med hjarte for andre

Med hjarte for andre

Ulsteinvik barneskule har hatt miljøveke med temaet "Med hjarte for andre".

Elevane hadde fokus på korleis dei kan hjelpe andre og kvarandre her på skulen på ulike måtar.

Klassene bidrog på ulike måtar. Konsert på Alvehaugen, SFO-kafé for foreldre og familie,  besøk og leik i barnehage, konsert på Blåhuset, utdeling av hjarte med gode ord i sentrum, faddersamarbeid her på skulen og ikkje minst var alle med å springe skuleløp til inntekt for TV-aksjonen.

Løp til inntekt for TV-aksjonen.

Skuleløp har vorte ein viktig tradisjon på Ulsteinvik barneskule. I år samla elevane inn 166 714 kroner til Leger utan grenser. Det er fint å sjå at alle kan bidra og gjere ein forskjell for andre som treng det. 

Kunst laga av elevar ved Ulsteinvik barneskule.

Miljøveka vart avslutta med felles samling for heile skulen på Ulstein arena. Der dansa vi BliMe-dansen og alle fekk takk for innsatsen.

Rektor Karen Strand