24. august er Ukraina sin nasjonaldag. Ulstein skule er mottaksskule for elevar som er busette på mottaket i Ulsteinvik, frå 1.–7. trinn.
– Vi har mange elevar frå Ukraina, og det vart naturleg for oss å feire denne dagen i lag med elevane og foreldra. Vi valde å ha ein norsk vri på feiringa, fortel rektor Synnøve Haug.
Elevane fekk pølse i brød, saft og is. Alle var med og gjekk i tog rundt Skeide.
Norsk vri på ukrainsk feiring.
Synnøve Haug
– Vi hadde musikk, fana til skulen og flagg som elevane har laga sjølve. Etterpå markerte vi dagen ved å spele nasjonalsongen til Ukraina ved flaggstonga. Det vart ei flott markering som har gitt skulen meir innsikt i ukrainsk kultur, seier Haug.
Per i dag har skulen 110 elevar.
– Vi er takksame for å kunne gi alle elevane våre trygge og gode skuledagar.
Nasjonaldagen til Ukraina vart også markert med flagging ved Ulstein skule.
Synnøve Haug