Prisvinnarane på scena under personalfesten til Ulstein kommune, 7. februar. leiar for helsestasjonen, Kristin Meli til venstre saman med helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde. Ordførar Stian Skorgen Scheide til høgre, saman med Bennie Bantilan Hansen frå formannskapet. Dei to delte ut prisen.
Janne-Marit Myklebust
Helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde tok imot prisen. Ho er ei av helsesjukepleiarane som står bak initiativet om sorggrupper for barn og unge.
– Eg er kjempeglad, fortel ho nøgd, etter å ha tatt imot prisen.
Årets nyskaping får 10 000 kroner.
– Fantastisk, stemmer leiande helsesjukepleiar Kristin Meli i. Ho var sjølv toppfinalist i kategorien Årets nyskapar – der Lars Rune Skeide trekte det lengste strået denne gongen.
– Men eg er altså så strålande nøgd, seier Kristin, som er stolt over arbeidet dei tilsette har gjort for å få sorggruppene i sving.
For alle på søre
Dette er eit interkommunalt tilbod for alle kommunene på Søre Sunnmøre, initiert av Ulstein helsestasjon. Helsestasjonen starta opp med tilbodet etter at Ålesund la ned sorggrupper for barn som har mista foreldre eller søsken. Alle fagpersonar i sjustjerna har delteke på kurs i regi av Statens senter for krisepsykologi. Prest og psykologar er med som rettleiarar for kurshaldarane.
Det er formannskapet som innovasjonsnemnd som kårar vinnaren. Dei var samrøystes i vedtaket om å gi prisen til arbeidet med sorggruppene.
– Sorggrupper for barn er eitt av mange gode tiltak for å sikre god psykisk helse hos barn og unge. Sorg kan sette seg fysisk i kroppen og skape store utfordringar seinare i livet med ubehandla traume. Arbeidet helsestasjonen gjer er viktig, uttalar dei i grunngjevinga.
Helsestasjonen inviterer til sorggrupper i vår, for barn i 5.–7. trinn. Men meld også frå om du kjenner til yngre eller eldre barn, slik at helsestasjonen får oversikt over aktuelle barn til neste gruppe.
Les meir: Inviterer til sorggruppe for barn - Ulstein kommune
Kristin Meli og Mari Haugen Lunde.
Janne-Marit Myklebust