– Til glede for alle barn og unge i Ulstein

– Til glede for alle barn og unge i Ulstein

Skollebakken aktivitetspark er no klar til bruk for små og litt større Ulstein-innbyggarar, med nye leikeapparat og anna kjekt.

Snorklipping. - Klikk for stort bileteSnorklipping må til! Frå venstre prosjektleiar Idar Brekke frå Ulstein Eigedomsselskap, ungdomsrådet ved Sveinung B. Snipsøyr, Julie V. Poulsen, Astrin Eline Anderson og Ella Tødenes, og Frode Volla frå Ulstein Eigedomsselskap. Marie Flatin

Aktivitetsparken Skollebakken er endeleg ferdig og klar til bruk. Frå før er området rusta opp med gapahuk og parkour-anlegg med midlar frå Gjensidige. Men Ulstein Eigedomsselskap som har hatt tilsyn med dei andre leikeapparata i aktivitetsparken såg at det var behov for meir vedlikehald for å gjere området trygt.

Leikeapparat. - Klikk for stort bileteAktivitetsparken tilbyr varierte aktivitetar for barn og unge. Marie Flatin

Utearealet høyrer til den gamle barnehagen som låg der, men huset har sidan 2011 vore fylt med ny aktivitet i form av mellom anna frivilligsentral og ungdomsklubb.

– Eigedomsselskapet tok kontakt med oss og ønskte medverknad i korleis parken skulle verte utforma, og ungdomsrådet har aktivt vore med i prosessen og fått vere med å utforme og velje apparat. Målet er at dette skal vere ein fin stad for alle, også for litt eldre barn og ungdom, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.

Lisa Mari held tale. - Klikk for stort bileteVaraordførar Lisa Mari Breivik Anderson var med og sa nokre ord under den offisielle opninga. Marie Flatin

Aktivitetsparken ligg sentralt til – eit steinkast frå Amfi, og like ved vert det også bygd nye omsorgsbustader, med god sikt ned mot området.

– Ungdomane er glade for at dei har fått vere med å seie kva dei ønsker, og så trur og håper vi at aktivitetsparken vil vere til glede for alle barn og unge i Ulstein! seier Flatin.

– Ta godt vare på han!

Aktivitetsparken Skollebakken. - Klikk for stort bileteReie, dumpe, opplyst gapahuk og anna kjekt. Marie Flatin Oversikt over aktivitetsparken med folk i framgrunnen. - Klikk for stort bileteUngdomsrådet og eigedomsselskapet kan seie seg nøgde med innsatsen og resultatet av "nye" Skollebakken aktivitetspark. Marie Flatin