Erik Enitch er driven av ein lengt etter det ville og aude i naturen. Han deler sine opplevingar av skjønnheit og farar i fjellet, om å gå seg vill, overleve skred og steinsprang, kjempe mot snø og tåke og kjenne dødsangsten i klatringa. Olav H. Hauge er hans sjelevenn i fjellet. I einsemda i fjellet høyrer han ofte eit dikt av Hauge i sitt indre.
Kom på Ulstein Arena og høyr Erik Enitch i samtale om boka. Hans fortellingar og refleksjonar rører dei som elskar naturen.
Arrangør: Klivrelaget, Tindekvindene og Biblioteket