Det dagblinde folket

Det dagblinde folket

Ulstein bibliotek Tysdag 23.april kl. 18.00

Tvang og behandling. 
«La oss snakke om det».

«Det dagblinde Folket» er ei sjølvbiografisk bok skriven av Helge Ferstad. Han har til tider hatt krevjande utfordringar med ein alvorleg psykisk helsesvikt. Gjennom ei blanding av sakprosa og ein skjønnlitterær tekst, omtalar han sinnsfenomenet mani. Siktemålet med boka har vore å styrke dialogen mellom fagpersonell innan psykiatrien og den som treng helsehjelp.

Helge har levd med sin helsesvikt i nær 40 år. Gjennom desse åra har han fått erfare både djupe depresjonar og utflytande maniar. Saman med psykiater Aase Roland, som har jobba eit langt yrkesliv innanfor dette fagfeltet, skal dei dele tankar og snakke ope kring denne krevjande forma for behandling. 
Til dømes: Kva er helsebringande og kva kan påføre den hjelpetrengande skade?
Opplesning frå boka.
Det vert høve til å kjøpe signerte bøker.
Velkomen!

Fann du det du leita etter?